Du er her: Student.no > Trym Nikolas Rimmen

Trym Nikolas Rimmen

Internasjonal komite – Medlem

Studiested: HVO – Høgskulen i Volda

E-post: tnrimmen@hotmail.com
Telefon:

Motivasjon for å stille til dette vervet

Mitt namn er Trym Nikolas Rimmen, eg er 23 år, og stiller til medlem av internasjonal komité. Eg studerer musikk ved Høgskulen i Volda.

Eg vil begynne med å seie at som student ved HVO har eg frå byrjinga vert ein del av det internasjonale student miljøet. I følge min erfaring er ein  internasjonal student like mykje ein student, som den som kjem frå Norge. Begge kan ha like interesser og begge to møter utfordringar i studiet og livet. Gjennom å jobbe for internasjonalisering får alle moglegheita til å utfordre seg og lære frå kvarandre. Einstein sa ein gong at: «Utdaning er ikkje lærdomen av fakta, men å trene hjernen til å tenke». Og ved å interagere med menneske frå ulike bakgrunnar gjer ein nettopp dette.

Eg har snart heldt på med høgare utdanning i 5 år og min interesse for internasjonalisering har alltid vert til stede. Det siste året har eg jobba som nestleiar og velferdsansvarleg i Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda. Det vart meir om meir tydleg at uansett kvar ein kjem frå er ein framleis ein student. Når ein har møte med leinga for utdanings institusjonen om f.s.k  tilrettelegging av studieløp, utforming av eksamen, informasjonen om studie,  kvalitetssikring o.s.v, så er eg der på vegne av kvar ein einaste student ved institusjonen.

Eg ønskjer å stille til dette vervet fordi eg meiner at dette er en perfekt arena for meg til å jobbe med:

-Korleis ein får fleire til å studerer og/eller gjennomfører praksis i utlandet.

-Korleis kan vi få fleire til å komme å studere i Norge utan å måtte møte på store barrierar.

-Brytte ned  det sosiale skilet mellom norske og internasjonale studentar.

Eg er vant til å jobbe i team for å nå dei måla som vert satt. Eg har gjennom min institusjon vert med i ulike råd og utval der internasjonalt utval og læringsmiljøutvalet er nokre av dei. Med min erfaring og ønske om å lære meir, meiner eg at eg vil kunne bidra til å gjere ein forskjell for internasjonalisering. Eg er med på landsmøte som delegat frå HVO og har du noko spørsmål så er det bere å ta kontakt. Eg ser fram til eit godt landsmøte.