Kva vil du no, Roy?

Andreas Trohjell og Jonas Økland trener til høring i Utdannings- og forskningskomiteen
Andreas Trohjell og Jonas Økland trener til høring i Utdannings- og forskningskomiteen

Sjølv om statsbudsjettdagen er ved vegs ende er det enno ikkje tid for å ta ein pust i bakken. Prosessen med å fordele nasjonens midlar skal dure og gå i to månader til, og Norsk studentorganisasjon (NSO) skal henge på.

Denne veka er det høyringar i diverse komitèar på stortinget, mellom anna utdanningskomitèen. Me troppa opp på måndag, digitalt, og fekk framje for komitèen kva me tenkjer om det framlagde budsjettet. Andreas tala rungande om kor inngripande ABE-kutta kan vera i ei tid som dette, der studiekvaliteten er truga. I tillegg fortsatte me å snakke om kravet om å auke studiestøtta til 1,5 gongar grunnbeløpet i folketrygda (G) og studentbustadar, for å gjere det enklare for studentar å gjennomføre. I notatet me sendte til komitèen i forkant av høyringafann me til og med rom for å gje litt skryt for 20 millionar ekstra løyva til samskipnadane som skal gå til studentvelferd.

Til NSOs Statsbudsjettside

No skal høyringane gjennomførast og partia skal lage sine eigne alternative budsjett. Opposisjonspartia kan framje spørsmål til finansdepartementet, dersom ein ikkje klarar å rekne i milliardar sjølv, og finansdepartementet må finne ut kostnadane av diverse forslag. Dei kan ein finne her

Det var jo lite som gjekk gjennom av NSO sine statsbudsjettkrav, og no er det handlingsrommet til å gjere noko med det. Så kva trur og vonar eg at partia kjem med når dei snart skal leggje fram sine forslag til budsjett? Nokon kjem nok til å gå laus på studiestøtta. Ein vil nok i SV, og truleg òg i MDG og Raudt sine forslag sjå ei auke i studiestøtte i ein eller annan form. Dette er parti som har syna stor støtte til dette før, og som eit mindre parti er det enklare å tilby det. Dette er nok mindre truleg å sjå frå Arbeiderpartiet (AP), men eg har teke feil før.

Frå det største opposisjonspartiet er det spanande å sjå kva kjem med. Det kan hende at AP rørar studiestøtta medan dei enno er i opposisjon, men eg vil bli overraska om det følgjer NSO sitt krav momentant. Kanskje kan me få sjå ein form for opptrappingsplan mot 1,5G. Det kan òg hende at dei ynskjer å utfordre regjeringa sitt forslag på tilskot til berre 1650 studentbustader, men etter dei har fått innsyn i kor mange bustader samskipnadane faktisk planlegg å bygge er nok AP meir opptekne av å presentere eit forslag som er meir i tråd med røynda.

Senterpartiet (SP) har ikkje tidlegare stått på barrikadane for 1,5G sjølv om dei har det i sitt partiprogram, men dei har likevel stilt finansdepartementet spørsmål om kor mykje det vil koste å knytte til G. Det SP truleg vil ha fokus på i sitt budsjett er heller desentralisert utdanning og studieplassar, som òg synar seg i spørsmåla dei stiller.

Så til partiet som er enkelt å gløyme at òg er opposisjon, men som er det viktigaste i desse forhandlingane. Framstegspartiet (FrP) kan no byrje å syne seg som eit studentparti. Etter alt sannsyn er det FrP som skal  ro denne budsjettforhandlinga i land. I partiet sitt handlingsprogram for 2017-2021 står det:

Alle studenter skal få en studiestøtte de kan leve av, og som samtidig gir mulighet til å fullføre studiet på normert tid og med gode resultater.”

Ved at FrP har gått ut av regjering har dei fått ein ypperleg moglegheit til å realisere dette.

  • Så kva tenkjer FrP er ei leveleg studiestøtte?
  • Gjer studiestøtta i dag det enkelt nok å fullføre?
  • Og om det er mogleg å fullføre, kor enkelt er det å gjere det på normert tid?

Roy Steffensen høyrde oss snakke i høyringa, og klar tale om at dette budsjettet vil føre til  dårligere kvalitet i norsk høgare utdanning. Hadde vore kult om du klarte å forhandle fram betre kvalitet i høgare utdanning enn regjeringa de gjekk ut av, eller kva, Roy?