Du er her: Student.no > Statsbudsjettet 2021 > Jonas kommenterer statsbudsjettet > Budsjettdagen – haustens vakraste dag?

Budsjettdagen – haustens vakraste dag?

Ikkje eingong eg kan treffe på alt. Diverre så ler ingen av forslaga, men sit heller og bannar. Trass gode signal, og ei tidlegare satsing frå denne regjeringa kollapsar dei totalt på sitt tilskot til studentbustadar. Det er enno mykje informasjon, men nokre snarlege tankar er det likevel.

Regjeringa har gått inn for å løyve tilskot til 1650 bustadar, ikkje i nærleiken av mitt ansalg. Som eg var inne på vurderar regjeringa samskipnadane sin byggeinnsats som for dårleg til å gidde å løyve noko meir. Det me no er vitne til er ein evig runddans. Regjeringa seier samskipnadane byggjer for lite, samskipnadane seier kommunane regulerar for seint. Dagens statsbudsjettkatastrofe er altså sitt heilt eige realitydrama. Det ligg no ei forventing om at dette blir tatt tak i av Statsråden ettersom han ser kvar problemet ligg.

Til NSOs Statsbudsjettside

Som venta vart det lite endringar på studiestønaden, og me fekk den prisjusteringa som er naudsynt. Studentane får ein liten realoppgang i stønad, men ein har enno ikkje tatt steget til å knytte stønaden til grunnbeløp i folketrygda, eller å auke storleiken på den.

ABE kutta kom som venta, og med det kom fleire studieplassar utan meir pengar. Ein konsekvens av at regjeringa ser positivt på året 2021 og legg eit meir kontraktivt budsjett enn venta, vil eg meine er at ein ikkej heller tek innover seg at studiekvaliteten kjem til å bli utfordra òg til neste år.

I “mindre” summar kan ein likevel finne litt glede, og det er flott å sjå at det er løyva 20 milionar til samskipnadane til å utvikle psykisk helsetilbod. Det kan få utslag.

Det kan enno bli eit studentbudsjett, sjølv om det i stor grad avhenger av korleis forhandlingane med FrP går. Mest truleg vert det meir veg, like lite studentvennleg.