Du er her: Student.no > Statsbudsjettet 2019 > Forskning

Forskning

Departement KD
Tema: Forsking
Programkategori: 07.70
Kapittel: 285 – Noregs forskingsråd
Post: 52 – Langsiktig, grunnleggande forsking

53 – Strategiske satsingar

54 – Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

2019 Beløp 4 085 531 000 Nominell
endring i %
Reell
endring i %
2018 Beløp 3 834 211 000
+ / - 251 320 000 6,55 3,52

Forklaring:

Generelt om kapittelet

Noregs forskingsråd er eit av regjeringa og departementet sine mest sentrale verkemiddel for å nå nasjonens forskingspolitiske mål , og er ein sentral aktør innanfor i norsk forskings- og innovasjonssystem. Forskingsrådet sine driftsmidlar går over andre postar, og kapittel 285 inneheld difor utelukkande midlar som går til FoU-arbeid. Forskingsrådet får vidare FoU-midlar over andre postar hjå kunnskapsdepartementet, til særskilde øyremerka føremål som til dømes utdannings- og velferdsforsking.

Forskingsrådet har stor innverknad på forskingskvaliteten internt i Noreg, så vel som for Noregs evne til å ta del i eit internasjonalt forskingssamfunn.

Post 52: Langsiktig, grunnleggande forsking

Vedteke 2018: 1 630 883 000 Forslag 2019: 1 699 644 000 Reell endring: 1,25%

Post 52 omtalar frie uavhengige midlar som ikkje er øyremerka til særskilde tema eller føremål, og er påvist å ha god kvalitetshevande effekt ovanfor dei som får tilgang på midlane. Knytt til posten ligg ordningar som FRIPRO (fri prosjektstøtte) og SFF (senter for framifrå forsking). Der senter vert oppretta og hjå dei som mottek fri prosjektstøtte kan ein visa til auka kvalitet, både i norsk og internasjonal kontekst.

Forslag 2019:

Departementet foreslår for 2019 ei reell auke på 1,25 prosent, noko som tilsvarar ei reell kroneendring på 20 321 146 (68 761 000 nominell endring). Departementet forklarar samstundes at 30 000 000 av den nominelle auka er knytt til ei tilbakeføring av ein mellombels reduksjon på posten i 2018. Hadde det då ikkje vore for tilbakeføringa av eit tidlegare kutt, så hadde posten då reelt vorte redusert. Vidare kjem departementet med ein del spesifiserande kommentarar til kva føremål somme av midlane er tiltenkt.

Vurdering av posten:

Den reelle auka er ikkje så stor dersom ein ser tilbakeføringa frå tidlegare reduksjon i samanheng med samla realvekst, og det er verd å leggja merke til skilnaden mellom den stagnerande (og potensielt reelt reduserte) posten for langsiktig, grunnleggjande forsking (post 52), og del store auka i strategiske forskingspolitiske verkemiddel (post 53). Særskild når departementet sjølv foreslår konkrete overføringar frå post 52 til føremål under post 53. Dette er eit illevarslande symptom, men utgjer førebels ingen grunn til utrop, då forsking rådet samla sett let til å koma styrka ut av årets budsjett.

Post 53: Strategiske satsingar

Vedteke 2018: 1 454 936 000 Forslag 2019: 1 634 642 000 Reell endring: 9,15%

Post 53 går til forskingspolitiske satsingar frå departementet, og årets løyvingar er særskild definert i samanheng med satsingane som er formulert i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (LTP). Ordningar som Senter for forskingsdriven innovasjon, Senter for miljøvenleg energi, internasjonale forskingarbeid og tiltak skissert i LTP er alle finansierte heilt eller delvis av denne posten.

Forslag 2019:

For 2019 foreslår departementet ei solid reell auke på om lag 133 118 703 kroner. 70 millionar av desse er forklart at er tilbakeføringar som følgje av midlertidig reduksjon på budsjettet for 2018. Ikkje ulikt tilbakebetalinga unde post 52. I tillegg er det først over om lag 30 millionar frå post 52, som følgje av nokre samanslåingar av tidlegare spreidde postar. Jamt over er posten meint å sikra

  • Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning
  • Fleksibilitet til gjennomføring av langsiktige systemstrategiske endringar
  • Forsking av høg kvalitet

Av satsingsområde i langtidsplanen kan ein tydeleg sjå sport av opptrappinga som er foreslått der, med mellom anna 65 millionar til forsking på industriell og mogleggjerande teknologi og 10 millionar til forsking innanfor IKT-tryggleik

Vurdering av posten:

Det er alltid positivt med ei storsatsing på forsking, og trass tilbakeføringar frå tidlegare år og nokre overføringar frå grunnleggjande forskingsmidlar, så er det verkeleg det dette er. Som nemnd under post 52 er det likevel verd å leggja merke til meirsatsinga på strategisk versus grunnleggjande forsking.

Post 54: Forskingsinfrastruktur

Vedteke 2018: 748 392 000 Forslag 2019: 751 245 000 Reell endring: -2.48%

Løyvinga over post 54 skal finansiera forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Inkludert her er til dømes vitskapleg utstyr, som kjem til gode innan både forsking og utdanning i Noreg.

Forslag 2019:

Løyvinga for 2019 er ikkje veldig ulik fjoråret, med ein reell nedgang på omlag 18,5 millionar (2,48%). Departementet løftar mellom anna forskingrådet si eiga Nasjonal satsing på infrastruktur som årsak for framhalden løyving.

Vurdering av posten:

Det er positivt at forskingsrådet får midlar til å underbyggja forskingsinfrastruktur, i tillegg til forskinga i seg sjølv.

Kommentar:

NSOs vurdering

Trass kommentaren om ei tydeleg meirsatsing på politisk, strategisk forsking, framføre grunnleggjande forsking, er NSO særs positive til den generelt store satsinga på forsking og utvikling, som løyvinga til forskingsrådet representerer. Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning løftar ei rekke viktige satsingsområde for framtida, og at pengane følgjer er eit teikn på at Noreg vil stå meir rusta I møtet med morgondagens utfordringar knytt til mellom anna klima, IKT og teknologi.

Departement KD
Tema: Forsking
Programkategori: 07.70
Kapittel: 287 – Forskingsinstitutter og andre tiltak
Post: 21 – Særskilde driftsutgifter

53 – NUPI

56 – Holbergsprisen

57 – Basisløyving til samfunnsvitskapelege forskingsinstitutt

71 – Tilskot til andre private institusjonar

73 – Niels Henrik Abels Matematikkpris

2019 Beløp 300 534 000 Nominell
endring i %
Reell
endring i %
2018 Beløp 306 440 000
+ / - -5 906 000 -1,93 -4,72

Forklaring:

Generelt om kapittelet

Kapittelet omhandlar ei rekke forskjellige tiltak som er meint å støtta opp under forsking og forskingspolitikk, som til dømes særskilde forskingsrelaterte prisar og løyvingar til konkrete forskingsverksemder.

Post 21: Særskilde driftsutgifter

Vedteke 2018: 15 407 000 Forslag 2019: 6 845 000 Reell endring: -56,84%

Løyvinga til post 21 har tidlegare mellom anna gått til Programmet for forskings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL), og ei rekke andre driftsutgifter.

Forslag 2019:

For 2019 er løyvinga til FORINNPOL på om lag 8,2 millionar foreslått flytta til ein annan post i eit anna kapittel. Dette tilsvarar om lag dei 56,84% med reell nedgang ein ser på posten, med unntak av  om lag ein halv million.

Vurdering av posten:

Dette er heilt OK.

Post 53: NUPI

Vedteke 2018: 5 439 000 Forslag 2019: 5 020 000 Reell endring: -10,33%

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til føremål å medverka til større innsikt i mellomfolkelege spørsmål, ved å driva forsking og ved å spreia informasjon om internasjonale førehald. Basisløyvinga til NUPI vert gjeve over kap. 287 post 57, medan løyvinga på post 53 vert nytta til å finansiera dei nasjonale informasjonsoppgåvene til NUPI. Mellom anna den rolla instituttet har som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år.

Forslag for 2019:

For 2019 er det foreslått at NUPI skal få den same løyvinga som i saldert budsjett for 2018

Vurdering av posten:

Dette er heilt OK.

Post 56: Holbergprisen

Vedteke 2018: 16 329 000 Forslag 2019: 16 803 000 Reell endring: -0,03%

Føremålet med Holbergprisen er å verdsettja banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen skal gje merksemd i samfunnet og føra til interesse for fagfelta blant barn og unge. Holbergprisen vert delt ut årleg av Universitetet i Bergen.

Forslag 2019:

Det er foreslått ei vidareføring av nivået frå 2018, med ein ørliten reell nedgang på 4885 kroner og 50 øre.

Vurdering av posten:

Dette er heilt OK.

Post 57: Basisløyving til samfunnsvitskapelege forskingsinstitutt

Vedteke 2018: 206 659 000 Forslag 2019: 207 444 000 Reell endring: -2,48%

Dei samfunnsvitskaplege institutta arbeider på forskingsfelt som i hovudsak omfattar arbeids- og sosialpolitikk, helse, velferd og utdanning, næringsliv og regionalpolitikk, utanrikspolitikk, og internasjonale konfliktar og utvikling. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for basisløyvingane til dei 22 samfunnsvitskaplege institutta som er omfatta av ordninga med statleg basisløyving. Desse midlane vert fordelte til institutta gjennom Forskingsrådet, som har eit strategisk ansvar for instituttsektoren.

Forslag 2019:

Det er foreslått minimale endringar, med ein reell nedgang på rundt ein halv million.

Vurdering av posten:

Dette er heilt OK

Post 71: Tilskot til andre private institusjonar

Vedteke 2018: 47 268 000 Forslag 2019: 48 639 000 Reell endring: -0,03%

Posten dekkar ei rekke forskjellige senter, institutt og nokre prisar og interesseorganisasjonar, som Senter for grunnforsking, Egede Instituttet, Kavliprisen og Akademiet for yngre forskere. Målet med statsstøtta her er å underbyggja den faglege aktiviteten til mottakarane.

Forslag 2019:

Det er foreslått få endringar frå 2018 generelt, og ingen enkeltmottakarar skil seg ut som særskild tapande i årets løyving.

Vurdering av posten:

Dette er heilt OK.

Post 73: Niels Henrik Abels Matematikkpris

Vedteke 2018: 15 338 000 Forslag 2019: 15 783 000 Reell endring: -0,03%

Formålet med Niels Henrik Abels matematikkpris (Abelprisen) er å verdsetja banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal gje merksemd i samfunnet og føra til interesse for matematikk blant barn og unge.

Forslag 2019:

Departementet foreslår ei løyving på om lag 15,8 millionar kroner. Dette er så å seie ei vidareføring av fjorårets nivå, men ein veik reell nedgang på 0,03 %.

Kommentar:

NSOs vurdering

NSO tykkjer det er positivt at det er få teikn til store kutt I dei nemnde ordningane under kapittel 287. Med det sagt så er det verd å leggja merke til at samtlege av postane har veldig små, til noko meir moderat reell nedgang. Samla sett er dette å sjå på som mindre positivt. Likevel er løyvingane store, og utan større kutt. Dette er positivt.