Morten Stene

Internasjonal komite – Medlem

Studiested: UiB – Universitetet i Bergen

E-post: Mstene95@gmail.com
Telefon: 92495858

Motivasjon for å stille til dette vervet

Eg er 23 år, og stiller til medlem av Internasjonal Komité. Eg studerer Samanliknande politikk og sitter i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB).

Verv i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen:

  • Medlem av SP-UiB 2018-19
  • Vara til Velferdstinget Vest 2018-19
  • Leiar for Gul Liste 2018-19
  • Leiar for Internasjonal komité 2018-19
  • Leiar av Prinsipprogramkomitéen 2018-19
  • Vara til UiB Læringslab 2018-19
  • Vara til Læringsmiljøutvalget 2018-19

 

Andre verv:

  • Medlem av fagutval for Utdanning UNIT – Direktorat for IKT og fellestenester i høgare utdanning 2018-20
  • Medlem av Kontrollkomitéen på Det Akademiske Kvarter 2019
  • Medlem av undervisningsutvalet ved Samanliknande Politikk 2019
  • Vara til Samanstyret – Studentsamskipnaden på vestlandet

 

Eg har dette året vert leiar for internasjonal komité i SP-UiB, noko som har vert  lærerikt og morsamt. Det har vert eit år der eg har fått eit ekstra fokus på berekraftsmåla og internasjonalisering og det har vert eit av dei fagområdene i studentpolitikken som engasjerer meg mest.

Som medlem av internasjonal komité ønsker eg å spesielt legge vekt på berekraftsmåla og utfordringar me har med å integrere studentar som kommer til Noreg inn i studiet. De som kjem til norske universitet må få eit best mogleg opphald og me må bidra til at de blir inkludert og opplever læring. Eg ønsker også å jobbe for at utveksling skal ha høgast mogleg kvalitet og at de som sendes ut frå universiteta i Noreg opplever å få ein studiekvardag som gir de læring og kompetanse de ikkje kunne fått i Noreg. Me får ei enda meir globalisert verd og me treng at det blir meir samarbeid på tvers av landegrensene og da treng me at enda fleire studentar vel å studere i andre land. Skal me få det til treng me at de som vel å studera i utlandet får ei god erfaring.

I tillegg tenkjer eg at internasjonal komitè vil være ein arena der eg kan utvikle meg. Å få vere med å styre studentpolitikken på det internasjonale feltet er noko der eg kan bidra med eit unikt perspektiv. Eg er ein person som ønsker å få til løysningar i lag og spille kvarandre gode. Eg har stor interesse for saksområdene til Internasjonal komité og har motivasjon til eit år med spennande sakar. Eg er positiv og engasjert, men er dessverre ikkje på landsmøte, men ta gjerne kontakt på mail eller telefon vist du har nokon spørsmål!