Karoline Abildsnes

Læringsmiljøpolitisk komite – Medlem

Studiested: NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

E-post: karoline.abi@hotmail.com
Telefon: 47875868

Motivasjon for å stille til dette vervet

Som medlem av læringsmiljøpolitisk komité (LMPK), vil eg kunne bidra inn i arbeidet med eit stort personleg engasjement og godt fagleg grunnlag. For tida er eg student på fjerde året av lærarutdanninga ved NTNU, og arbeid med og for gode læringsmiljø er slik sett noko som inngår som ein sentral del av mitt fagfelt. Dette har også kome godt med i mitt arbeid som fakultetstillitsvalt på fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap ved NTNU. Gjennom to periodar i dette vervet, har eg tileigna meg verdifull kunnskap om blant anna korleis ein på gode måtar kan arbeide for å skape godt fungerande og romslege arbeidsfellesskap. Dette ser eg som viktig å ta med seg inn i arbeidet for LMPK. Eg stiller som medlem av LMPK fordi eg ser for meg å komme til å trivst stort i dette vervet, men også fordi eg meiner at eg sit på viktige erfaringar, refleksjonar og kunnskap om nettopp dette fagfeltet.