Jonas Økland

Sentralstyret – Medlem

Studiested: BI – Handelshøyskolen BI i Oslo

E-post: jonas.okland@haugnett.no
Telefon: 94054198

Motivasjon for å stille til dette vervet

Grunnen til at eg ikkje har meldt mitt kandidatur før no er fordi eg er generelt fersk til studentpolitikken, og like eins til NSO. Det var spesielt etter formøtet eg fekk gnisten til å ville bidra i NSO med mine tankar og idear i større grad, og at den påverkinga kan eg ha i sentralstyret. Trass at fristen for å bli vurdert av valgkomiteen er gått ut, kjenner eg  engarsjementet mitt er for stort til å stå på sidelinja, og melder mitt kandidatur til sentralstyret likevel.

Men, er det noko eg har sett er det at læringskurva og engarsjementet mitt for dette veks i ein alarmerande fart. Eg har med meg sjølv visst at eg vil bidra på ein eller annan måte, og tenkt at til LM20 vil eg ha kjenne mykje betre til organisasjonen og vera betre rusta til verva. Likevel er det eg har lert frå tida mi i studentpolitikken er at alt eg har fått gjort er fordi eg seier ja og kastar meg inn i situasjonar. Det er slik eg har fått kunnskapen eg sit med, og det er slik interessa har auka.

Eg er oppteken av at NSO skal vera ein organisasjon som er tydeleg og konstruktiv. Det er viktig for studentane å ha ei nasjonal stemme, og difor er det viktig at ein har eit breitt meiningsmangfald i organisasjonen. Eg vil bruke mi påverkingskraft i sentralstyret til å få inn politikk som speglar alle delar av studentmassen. For at norsk høgare utdanning skal bli betre må me sjå dei store linjene. Me må sjølvsagt ha fokuset på å gjere levekåra til studenten betre, men om me skal vera studentane si stemme, må jobbe endo meir for at utdanninga skal vera god, effektiv og samfunnsrelevant. Mi viktigaste sak er at utdanninga skal vera noko studentane tek i trygge rammer, som dei vil få nytte av i farmtida.

Det at eg ikkje har så _lang og bred_ erfaring som mange andre som òg stiller til SST ikkje berre er ei nedside, men og ei oppside. Eg har nok mykje eg må lera meg, og mange saker å setje meg inn i. Dette er sjølvsagt noko eg er veldig villig til, i tillegg til at eg er eit friskt synspunkt. Eg vil bidra til eit mangfald i sentralstyret, både som ung, og tilflytta student, og med andre perspektiver som nyare til politikken. Mine ferske synspunkt gjer meg til ein god ressurs til SST.

Eg byrja å studere på BI hausten 2017, og mitt politiske engarsjement har vekse fort frå dette tidspunktet i livet mitt. Eg kjem frå ein beskjeden øykommune i vest, der eg ikkje tidlegare har hatt miljøet eller folka rundt meg til å verkeleg utøve mi interesse innan politikk. Dette var heldigvis noko som endra seg då eg kom til hovudstaden. I dag er eg politikk og samarbeidsansvarleg i Studentforeningen ved Handelshøyskolen BI i Oslo. Gjennom dette vervet har eg fått engasjert meg i NSO og Velferdstinget i Oslo og Akershus, og det gjev meirsmak.

Eg vel difor å stille til dette vervet, og vonar at landsmøtet kan gje meg deira tillit.