Du er her: Student.no > Landsmøtet 2021 > Valg på landsmøtet 2021 > Jonas Økland – LM 2021

Jonas Økland – LM 2021

Arbeidsutvalget – Leder

Studiested: Handelshøyskolen BI

Epost: jonas.okland@haugnett.no
Telefon: 94054198

Motivasjon for å stille til dette vervet

Vyrde studentar og tillitsvalde! I år har eg hatt moglegheita til å jobba på fulltid for alle studentane i Noreg. Året som velferd- og likestillingsansvarleg har vore eit fantastisk år, men òg eit utfordrande eit. Behovet for ei felles stemme har syna seg enormt viktig! Året i NSO har gjort at eg har fått mange gode tankar om korleis eg vil leia organisasjonen vidare, både for å skape ein betre organisasasjon, men òg korleis ein skal få gjennomslag for politikken som landsmøtet set. For det er dykkar sakar me skal jobbe for, slik at studentane i Noreg får den beste studietida. Eg legg fram mine overordna tankar for korleis eg vil, kan og skal levera gjennomslag for det de ynskjer dykk, som ein kort plattform. Eg ynskjer dykk eit godt val, og vonar på dykkar tillit til å leie og fronte NSO det komande året.

ORGANISASJON – MAKE NSO KULT ATT

Det har vore eit kjipt år for studentar, men òg for tillitsvalde. Me har det siste året gått glipp av samankomstane som held oss saman. Terskelen for å bruke kvarandre til sparring og liknande er heva når ein ikkje møter kvarandre ansikt til ansikt. I mi tid i AU har me fokusert på å inkludere dykk, meldemslaga, i politiske prosessar, slik det skal vera. Det er noko me må ta med oss ut av pandemien. Me bør fortsette med Zoom, som gjer avstanden mellom AU og meldemslaga mykje mindre, men samstundes ha dei fysiske møtestadane så snart det går an. Eg ynskjer meg seine, inspirerande sommarkveldar på Avspark, fleire leiarsamlingar og eit fysisk landsmøte for å sørgje for at organisasjonen finn saman etter korona.

• NSO skal vera inkluderande, og skal stimulere til samarbeid, og medverking.

NSO SOM LOBBYORGANISASJON

Stortingsvalet er viktig for NSO fordi det skal lagast ei regjeringserklæring som set kurs for, og bind politikkutviklinga i Noreg dei neste fire åra. Der må NSO vera inne. Etter eit år i AU har eg møtt aktørane og blitt kjend med metodane. Forhandlingane rundt regjeringsplattform og statsbudsjett 2022 vil ha mykje å seie for studentar ut av korona. God dialog med politikarane har gjort til at studentane har fått milliardar av kroner på bordet, som eg ikkje trur hadde vore like omfattande utan NSO sitt arbeid siste året. Me har fått gjennomslag ved å køyre akkurat ein dialogbasert og rasjonell framgongsmåte. I tillegg er Ungdomskravet, der me har samla mellom anna alle ungdomspartia rundt fire studentkrav ei bragd. Det veg tungt med semje frå Raudt til FrP. Det skal brukast. Media er eit mektig verktøy, og ei av NSO sine oppgåver må vera å setje realistiske mål for studentrørsla med det verktøyet. Som NSO kjem ein ganske enkelt i media, og det er ein stor del av arbeidet til NSO. Me er i grunn heldige som har den tilgongen til eit så nyttig middel som me har, men NSO må tenkje meir over kva ein gjer med det. NSO skal ha eit bevisst forhald til korleis ein brukar media, og kva ein vil få ut av det. Media er middelet, ikkje målet.

• NSO skal vera framst i panna hjå samtlege utdanningspolitikarar i september.

OPENHEIT, SYNLEGDOM OG EFFEKTIVISERING

NSO er ein stor organisasjon. SST og meldemslaga kan i veldig stor grad vera bidragsytar i AU sitt arbeid, men ein må leggje til rette for innsyn og forståing. Dei politiske komitèane i NSO har og eit massivt potensiale, og med ordninga med framdriftsplanar, vil eg dei skal jobba tettare med AU. I tillegg er sekretariatet ein stor ressurs som heile organisasjonen bør ha tilgjengeleg. NSO burde ein bruke pengar på meir utgreiingar, kampanjar og liknande for å gjere seg meir synleg, og meir spanande i kommunikasjonen sin. Dette kan bli veldig viktig når me skal påverke politikarar og regjeringa i året som kjem. Til sjuande og sist vil korleis NSO jobbar og løyser sine oppgåver slå ut på kor mange gjennomslag ein får for studentane våre.

• NSO skal vera gode på å bruke alle delar av organisasjonen, og optimalisere bruken av dei