Du er her: Student.no > Henriette Seim

Henriette Seim

Læringsmiljøpolitisk komite – Medlem

Studiested: NLA – NLA Høgskolen

E-post: henriette.seim@hotmail.com
Telefon: 97703471

Motivasjon for å stille til dette vervet

Kjære landsmøte!

Mitt namn er Henriette Seim, eg er 22 år. Eg studerer bachelor i økonomi og administrasjon ved NLA Høgskolen. Eg ønsker å stille til læringsmiljøpolitisk komité det komande året.

Læringsmiljø er eit engasjerande tema, og eg brenn for:

–              Likestilling

–              Trivsel

–              Overbooking

Eit tema eg er opptatt av er overbooking av studieplasser, og korleis dette påverkar læringsmiljøet på institusjonane på ein negativ måte. Eit godt læringsmiljø skal skape gode fysiske, psykososiale, organisatoriske og pedagogiske rammer i studiesituasjonen. Overfylte studieliner fører til sprengt rom kapasitet, dårlig luftkvalitet, brannforskrifter som blir brote, ugunstige lokalar og uheldige undervisningstider. Dette er ikkje forsvarleg og kan ikkje seiast å fremje eit godt læringsmiljø. Studentar har krav på eit godt læringsmiljø som ikkje skal gå på bekostning av at institusjonanes finansielle beslutning om overbooking.

Eg håper eg kan få tilliten av landmøte til dette vervet, då eg trur eg kan bidra med nye innspel til læringsmiljø diskusjonar. Eg kjem frå ein liten institusjon, og veit korleis det er å gå på ein av dei minste høgskulane. Det vil bli spennande og lærerikt å jobbe med moglegheiter og utfordingar med det digitale læringsmiljøet.