Du er her: Student.no > Hedda Marie Westlin

Hedda Marie Westlin

Velferds- og likestillingspolitisk komite – Medlem

Studiested: OsloMet – Storbyuniversitetet

E-post: heddamw@gmail.com
Telefon: 95157579

Motivasjon for å stille til dette vervet

Eg stiller til valg som medlem i Velferds- og likestillingspolitisk komité fordi eg vil bidra på eit overordna nivå for å leggje til rette for at studentar skal ha det godt. Eg har sete i styret i Fri Oslo & Akershus, der eg var med å jobba fram rettar knytt til kjønns- og seksualitetsmanfald i 3 år, eg produserte innhald og debattar i Oslo pride i 5 år. No tek eg ein bachelor i informasjonsteknologi på OsloMet samstundes som eg no sit i Studentparlamentet OsloMet, og Velferdstinget Oslo & Akerhus. Og eg har ei rekkje verv på OsloMet.

Eg tenkjer at eg har mange gode minoritetsperspektiv eg kan bidra med inn i NSO, og eg vil jobbe for at mangfald av kjønn skal vere sjølvsagt og synleg på institusjonar for høgare utdanning i Noreg.  Særleg er trans veldig viktig for meg, og det er viktig for meg at vi får fram mangfaldet av kjønn i heile UH-sektoren, ikkje berre at det er ein og anna transperson rundt om kring, og få utnytta ressursane vi kan bidrege med inn i forsking, studieliv, oppbygging av studentstøttesystem og friviljugheita.

Min andre baby er psykisk helse, og korleis vi kan vareteke at studentar som har alvorlege psykisk lidingar og plagar skal få gjennomført studiar på normert tid, utan at ein skal trenge å oppsøke alle mogelege tenester på eiga hand, men at det skal vere system klare når vi ein dag treng dei.

SHot-undersøkinga viser at mange studentar kan ligge i sonen for alvorlege psykiske lidingar og plagar, difor tenkjer eg at det er eit av dei viktigaste sakene vi må jobbe for å få tiltak til.