Du er her: Student.no > Gjermund Kvernmo Langset

Gjermund Kvernmo Langset

Sentralstyret – Medlem

Studiested: NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

E-post: glangset@gmail.com
Telefon: 97649061

Motivasjon for å stille til dette vervet

Min motivasjon for å stille til sentralstyret i NSO er at vi er inne i ein veldig spanande periode i UH-sektoren. Det skjer ein del store endringar, det gir handlingsrom og moglegheit for påvirkning. Min bakgrunn som leiar lokalt, fulltidsverv i lokalt arbeidsutval og eit år i sentralstyret gjer at eg har god kjennskap til organisasjonen på fleire nivå. Eg arbeider og i ei startup-bedrift ved sidan av masterstudiet, noko som gjer at eg har god kjennskap utfordringane i dette. Erfaringane eg har gjort meg meiner eg vert viktige for NSO det neste året. Spesielt for det neste året vil eg trekke fram strukturreformen, revidering av UH-loven og kommune/fylkesval.

Dei fleste store endringar som følgje av strukturreformen er landa, men ein er langt ifrå ferdig. Det er viktig at NSO er tydeleg på vegne av studentane når fusjonerte institusjonar skal formast, og at vi er ein tydeleg støttespelar for det lokale studentdemokratiet. Eg har sjølv vore lokallagsleiar på ein liten institusjon som har fusjonert med andre og større institusjonar, og kjenner godt utfordringane og moglegheitene som ligg i dette. Her må ein vere på ballen slik at fusjonen får eit positivt resultat, både for studentar, tilsette og regionen institusjonen er lokalisert.

Revidering av UH-loven skjer ikkje ofte, og vil forme det meste anna som skjer i sektoren framover. I dette arbeidet må studentane få sterkare rettigheiter enn vi har i dag, samt at det må stillast tydeligare krav til institusjonane. Her gjer vi eit godt arbeid, men eg meiner arbeidet som skjer etter at lova er vedteke er minst like viktig. Når ein skal implementere og følgje opp endringane. Dette meiner eg må vere eit fokusområde for NSO det neste året.

Lokalval er på mange måtar like viktig som storttingsval, det er her ein i stor grad får gjennomslag for NSO sin konkrete politikk. Det er ikkje alltid lett for lokallaga å vite korleis ein skal arbeide inn mot politiske prosessar, få politikarar til å følgje opp lovnadar frå valkampen og tale studentane sine sak i den offentlege debatten. Då treng ein eit trygt sentralledd som kan støtte og bistå lokallaga. Dette gir tryggheit og kan sørge for mange lokale gjennomslag, som i sum vert nasjonale. Å i større grad bistå lokallag inn mot val og i perioden etter at valet er gjennomført meiner eg må prioriterast i komande periode.

I tillegg til dette har eg tre hjartesaker som eg har løfta høgt dette året, og vil fortsette å løfte høgt framover. Det er berekraft, mangfald og innovasjon. Samfunnet er inne i ein omstillingsprosess, og UH-sektoren spelar ein viktig rolle i å forme denne prosessen, berekraft, mangfald og innovasjon er slik eg ser det nøklane for å få til dette.

Berekraft må vere ein naturleg del i alle studieløp i norsk høgare utdanning og alle kandidatar må vere i stand til å vurdere dette innan sitt fagfelt. Det er det ikkje per i dag, så her er det heilt tydeleg rom for endringar, noko eg har klare tankar om.

Mangfald er ein hjørnestein i det norske utdanningssystemet, men er trua av vanskelege prosessar for innvekslingsstudentar, endringar i kvoteringsordninga og forbud mot ansiktsdekkande ansiktsplagg. Samstundes har vi ein veg å gå på likestilling og kjønnsrollar i akademia, det er ikkje godt nok.

Innovasjon må få større anerkjennelse i UH-sektoren. Eg meiner innovasjon i stor grad er resultatet av god utdanning og forsking. Men vi er i dag ikkje gode nok på å kommersialisere alt det fantastiske som kjem ut av dette. Vi må gi både fagleg tilsette og studentar verktøy, ressursar og tankesett til å ta dette steget. Studentbedrifter må vere ein moglegheit for alle studentar. Ein nøkkel for å oppnå større grad av innovasjon er eit tett samarbeid med næringslivet. Dette må vere konkret og nært, både fysisk og fagleg. Her må det satsast både i campusutvikling, fagleg utviklingsarbeid og strategiske/politiske prosessar.