Du er her: Student.no > Dokumenter > Politisk plattform om organisering av universitets- og høgskulesektoren

Politisk plattform om organisering av universitets- og høgskulesektoren

Revidert på NSOs landsmøte, 26. mars 2017.

Innleiing

Institusjonslandskapet består av både store og små institusjonar, der mange strekk seg over store geografiske avstandar. Dette skapar både høve og utfordringar knytt til kvalitetsarbeidet ved institusjonane. Institusjonane må sørgja for god arbeidsdeling både mellom interne campusar og kvarandre. Fagmiljøa skal vera sterke nok til å driva vitskapleg arbeid og utdanning på høgt nivå. Norske utdanningsinstitusjonar skal kunna konkurrera med dei beste internasjonale institusjonane, både innan forsking og utdanning.

Autonomien til institusjonane er svært viktig for å sikra fri forsking og god utdanning. Det krev at finansieringssystemet har ein høg basiskomponent som gjev institusjonane føreseielege arbeidsforhold. Departementet kan driva styring gjennom insentiv i resultatkomponenten, utviklingsavtaler med kvar enkelt institusjon og andre enkelttiltak. For å oppretthalda sårbare fagmiljø skal departementet kunna tildela nasjonalt ansvar. Enkelte institusjonar kan få slikt ansvar for å sikra vidareføring av forskingsarbeid og å betra rekrutteringa til fagområdet.

Høgare utdanning og samanheng med resten av utdanningssystemet

Funksjonen til høgare utdanning i det norske utdanningssystemet er å vera et forskings- og utviklingsbasert tilbod etter vidaregåande skule, for å utdanna personar til ein høgare og lengre grad som er retta inn mot bestemde profesjonar, disiplinar, og/eller som femnar fleire fagområde. Både bachelor- og mastergradar ved universitet og høgskular skal legge til rette for og utvikla kompetanse til vidare forskarutdanning og forskarkarriere, i tillegg til å førebu studentar på det vanlege arbeidsliv. For å sikra at nye bachelorstudentar ved studiestart ikkje opplever å møte ein studiesituasjon som er framandt med tanke på studiemetodar og studieplanlegging, må vidaregåande skule sørgja for å førebu elvene sine til vidare studiar. Det er difor viktig at skuleleiarar ved vidaregåande skular, og leiarar ved universitet og høgskular, har eit godt samarbeid om kva for ein kvardag som møter studentar i høgare utdanning.

Høgare utdanning er ikkje, og skal ikkje vera, det einaste alternativet til vidare studium etter vidaregåande. Det er viktig at UH-sektoren og fagskulesektoren har gode samarbeidsordningar for å sørgja for at studietilboda er komplementære, og for at ein fungerer godt saman der studium har nære koplingar eller overlappar. Vi treng gode og fagleg forsvarlege overgangsordningar frå fagskole til høgare utdanning. Det kan vera føremålstenleg med eit samarbeidsnettverk der både fagmiljøa ved fagskulane og fagmiljøa ved universitet og høgskular deltek for å diskutera korleis å gjera overgangsordningane best mogleg. NSO meiner det er viktig at fagskuleutdanningar gjev fagskulepoeng. Det skal bidra til å verna fagskolane sin eigenart og for å unngå misvisande og utydelig informasjon til studiesøkarar.

Det skal vera mogleg for fagskuler å melda seg inn i ein studentsamskipnad dersom det er ynskt av studentane og institusjonen sjølv. Fagskulestudentar skal ha same rettar til studiestøtte hos Statens lånekasse for utdaning som studentar i høgare utdanning. Fagskulestudentar skal òg ha same rettar til organisering av studentdemokrati og studentmedverknad som studentar i høgare utdanning.

NSO oppfordrar fagskulane, universiteta og høgskulane til å inngå avtaler om godkjenning av relevante utdanningar. Det skal likevel vera opp til kvart enkelt universitet og høgskule å vurdera søkarar med fagskule.

Dei ulike delane av det norske utdanningssystemet må utviklast og vert kontrollert slik at dei stemmer overeins med krava som Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) set til læringsutbytte i studium på dei ulike nivåa. Det er essensielt for ein fungerande heilskap at utdanningssystemet består av delar som er i tråd med dei nivåa i NKR dei er plassert til, slik at ingen av delane i utdanningssystemet konkurrerer med kvarandre eller synar seg som uklare med tanke på kva for utdanningar dei gir, kva kompetansen kan verta brukt til, og kva dei kvalifiserer til vidare.

Fagleg profil og institusjonell autonomi

Fagmiljø og samansetning

Institusjonane må ha ei fagleg sammensetning som gjer muleg og stimulerer til god integrasjon mellom forskingsaktiviteten til institusjonen og utdanningstilbod. Difor meiner NSO at institusjonane bør sjå på korleis ein kan samla sine fagmiljø for å gjera dette muleg. NSO meiner at ei samling av fagmiljø skal baserast på vurderingar av fagleg kvalitet og langsiktige behov. Institusjonane skal kartleggja korleis fagmiljøane best kan dimensjonerast, og institusjonane sjølv skal kunne redusera eller avvikla miljø der det er føremålstenleg.

Sett i lys av store endringar i institusjonslandskapet er det samfunnsoppdraget til ein institusjon å levera relevant utdanning som gjev høgt kompetente kandidatar. I lys av dette skal studieprogramporteføljen hos institusjonane vera dynamiske. Slik kan institusjonar imøtekoma både samfunnet og behovet til næringslivet for relevant utdanning av høg kvalitet, både regionalt og nasjonalt. Difor meiner NSO at institusjonane kontinuerleg må sjå på studieprogramporteføljen, og sørgja for å utvikla høg kvalitet i alle studieprogram som vert tilbode. Dette inkluderer både opprettinga av nye, forbetring av eksisterande og utfasing av eksisterande studieprogram, då særleg studieprogram og fagmiljø som vert vurdert til å vera utanfor dei faglege profila deira. Arbeidsdeling skal skje ved smarbeid mellom utdanningsinstitusjonane.

Nasjonalt ansvar skal vera eit politisk styrt ansvarsområde som kan tildelast ein enkelt institusjon for å ivareta og oppretthalda mindre og sårbare studieprogram. NSO meiner at det skal vera faglege grunngjevingar for å tildela ein institusjon nasjonalt ansvar. Det skal òg vera økonomiske støtteordningar som gjer det mogleg å sørgja for høg kvalitet, sterke fagmiljø og rekruttering til desse studieprogramma.

Alle utdanningsinstitusjonar skal ha ein tydeleg, spissa profil, og denne skal vera grunnlag for dialogen som Kunnskapsdepartementet har med institusjonane. Den faglege profilen skal spissast inn mot nokre utvalde område som vert avgjort politisk av Stortinget etter eit heilskapsomsyn, men der institusjonane sjølv gjev si anbefaling i form av innspel til departementet på faglege styrkar og satsingsområder. Utdanninga ved institusjonane skal ha samanheng med forsking som vert utført ved institusjonen. Det inneber at institusjonane må ha ei fagleg samansetning som gjer muleg og stimulerer til god integrasjon mellom institusjonens forskingsaktivitet og utdanningstilbod.

Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon

NSO meiner det er ønskeleg med ein større arbeidsdeling i universitets- og høgskulesektoren og meiner dette vil vera positivt for å styrkja og samla fagmiljøa i større grad. Dersom norske utdanningsinstitusjonar skal kunna hevda seg internasjonalt er vi avhengige av å ha sterke og stabile fagmiljø.

Kunnskapsdepartementet skal, i samarbeid med dei andre departementa, gjera evalueringar av behovet for ulike fagmiljø på nasjonalt nivå og kartleggja korleis utdanningslandskapet kan dimensjonerast betre. Departementet skal vera tydelege i forventingane sine overfor institusjonane, slik at desse kan spissa den faglege aktiviteten sin i tråd med politisk intensjon og institusjonen sin eigne faglege prioriteringar. For å få til reelt samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon, meiner NSO det må utarbeidast sterkare insentiv frå politisk hold, basert på ein heilskapleg nasjonal strategi og eit finansieringssystem som fremjar kvalitet i forsking, utdanning og formidling.

Dagens finansieringssystem med stykkprisfinansiering løna ikkje nasjonalt samarbeid og nasjonal mobilitet. NSO meiner dette fører til ei hemming av arbeidsdelinga i sektoren, spesielt når det kjem til valbare emne i eit studieprogram. Ei auka satsing på nasjonal mobilitet vil kunna minska behovet for at institusjonane skal tilby mange små emne og heller styrkja kvaliteten på dei emna som vert tilbydd.

Tilpassing av utdanningstilbodet

Økonomiske middel til å gjennomføra arbeidsdeling og konsentrasjon skal gjevast for å styrkja fagleg verksemd der behovet er godt grunngjeve, og skal ikkje tildelast for å oppnå effektiv og eintydig administrasjon og leiing i seg sjølv. NSO meiner at for mange institusjonar i dag tilbyr utdanningar innanfor same fagområde.

Nasjonale styresmakter skal sette rammer for utdanningstilboda slik at ikkje institusjonane kan oppretta nye studium som er utanfor profilen og samfunnsoppdraget til institusjonen. Vidare skal styresmaktene kunna stilla aktivitetskrav til enkelte utdanningar som er spesielt viktige for å sikra kompetansen innanfor visse fagområde.

Om ikkje institusjonane er villige til å spissa fagporteføljen i tråd med Stortingets strategi, og dessutan nasjonale og internasjonale behov for kandidatar, kan samlinga av fagmiljø gjerast gjennom politisk avgjerd . Politisk bestemd samling av fagmiljø skal gjerast gjennom gradvis avvikling av studieplassane slik at verken institusjonen, dei fagleg tilsette eller studentane som er teke opp på studiet vert unødig skadelidande. Departementet skal ha ettersyn med eventuelle avviklingsplaner og kan i ytste konsekvens setja i verk sanksjonar for institusjonar som ikkje gjennomfører SAK etter politisk intensjon.

NSO meiner at studiekvalitet kan definerast som i kva for ein grad utdanningsinstitusjonar legg til rette for og arbeider med at alle aspekt av studiet bidreg til å nå læringsutbyttet og måla som er sett for studiet. Tydeleg institusjonelle profil bidreg til god studiekvalitet, og nye studietilbod skal sjåast i samanheng med sektoren som heilskap. NSO meiner at inflasjon i studietilbod effektivt kan hindrast ved at institusjonane må søkja departementet om å oppretta studieprogram utanfor dei faglege profila til institusjonane.

Autonomi

Når det gjeld akademisk autonomi, meiner NSO at universitet og høgskular skal ha sjølvavgjerd over kva som er opptakskriteria til deira eigne studieprogram. Ein bør likevel streva etter at institusjonar som har like studium har nokolunde like opptakskriterium. Styresmaktene skal kunna setja tak på kor mange studentar ein institusjon kan ta opp innanfor eit fagområde utover det som ein har fullfinansiering til. Likevel skal institusjonen sjølv avgjera kor mange ein tek opp innanfor dette taket.

Organisatorisk autonomi

Universitet og høgskuler skal ha kollegial leiing på alle nivå. Institusjonane skal sjølv avgjera korleis leiing vert valt eller vert tilsett. Ekstern styreleiar og eksterne styreremedlemmer skal oppnemnast av Kunnskapsdepartementet etter forslag frå institusjonen. Styra skal ha ei tredeling av makt mellom studentar, tilsette og eksterne representantar. NSO meiner at ingen gruppe skal ha fleirtal åleine. Alle gruppene skal ha minst 20 prosent representasjon.

Institusjonane skal ha økonomisk autonomi til å sjølv avgjera over inntektshøva sine ut over statleg finansiering. Institusjonane skal sjølv kunna ta opp lån. Institusjonane skal ha administrativ autonomi til å sjølv avgjera over kven dei tilset.

Øvrige organ og forvalting

NSO meiner at etaten si styring av dei statlege institusjonane skal skje direkte mellom institusjonen og departementet. Vidare meiner vi at organ som jobbar med forvalting på oppdrag frå departementet skal ha spesialiserte arbeidsområde, med eit ikkje altfor breitt omfang.  Dette er for å unngå at enkelte offentlege organ får for stort nedslagsfelt, og dermed vert for normgivande for sektoren. NSO meiner at det ikkje skal vera eit direktorat for høgare utdanning.

I Noreg skal NOKUT vera eit fagleg og uavhengig statleg kvalitetssikringsorgan for høgare utdanning, i tråd med European Standards and Guidelines for Quality Assurance. NOKUT skal ha tilsyn med kvaliteten i utdanninga ved norske høgare utdanningsinstitusjonar innanfor ramma som er sett fast i lov og forskrift. NOKUT si rolle skal vera å føra tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved institusjonen, og dessutan bidra med kompetanse og anbefalingar til institusjonane sitt kvalitetsfremmende arbeid.

Organ som har oppgåver knytt til administrative og tekniske støttetenester, bør så langt som mogleg samlast.

Noregs forskingsråd (NFR) si rolle skal vera å vurdera det faglege nivåa ved institusjonane i landet, tildela middel til forsking gjennom søknadsordningar, og dessutan bidra med støttefunksjonar for å heva det norske forskingsarbeidet.

NOKUT og NFR skal ha eit nært samarbeid om vurdering av fagmiljøa og støtteordningar som kan bidra til betre arbeid ved institusjonane for å sjå utdanning og forsking i samanheng.

Akkreditering og autonomien til institusjonane

Akkreditering innanfor norsk høgare utdanning er naudsynt for å sikra at institusjonane tar hand om sine institusjonelle fullmakter, har merksemd på planlagt læringsutbytte og innrettar verksemda mot god kvalitet på forsking, utdanning og formidling. Akkreditering er ein offisiell heider og tillitsfråsegn av kompetansen til ein organisasjon og evne til å utføra angjevne oppgåver i samsvar med gjevne krav. Målet med akkreditering skal vera å sikra og framme utdanningskvalitet forstått som kvalitet og relevans på studentanes læringsutbytte.

Institusjonsakkreditering og fullmakter

NSO meiner at institusjonelle akkrediteringsfullmakter som følgjer institusjonskategori er  ikkje er hensiktsmessig, då denne ordninga ikkje i tilstrekkeleg grad fremjar kvalitet og fokus på læringsutbytte.

NSO meiner at faglege fullmakter skal kunna gjevast på bakgrunn av kvaliteten til eit spesifikt fagmiljø, ved at akkrediteringsfullmakter for oppretting av nye gradar løyvast på bakgrunn av mengd akkrediterte gradar fagmiljøet har frå før. Dersom institusjonen ynskjer å oppretta ein grad utanfor eit fagmiljø med sjølvakkrediteringsrett, skal institusjonane måtta søkja Kunnskapsdepartementet, som vurderer søknaden på bakgrunn av ei sakkyndig vurdering gjort av NOKUT. Departementet skal òg vurdera søknader basert på omsyn til fagleg konsentrasjon, arbeidsdeling og samfunnsoppdrag sett i nasjonal kontekst, og korleis opprettinga av eit nytt studieprogram/fagmiljø vil påverka desse omsyna. Dette skal motverka inflasjon i studietilboda, og føra til ein meir spissa sektor i tråd med NSOs ambisjonar om ein konsentrert og arbeidsdelt sektor som fremjar kvalitet.

Institusjonskategoriar

Fusjonane i sektoren har ført til ei annan dimensjonering av utdanningsinstitusjonane. Det er i dag færre, men større, utdanningsinstitusjonar med ein brei fagleg profil. NSO støttar ei slik utvikling så lenge den tek vare på samfunnsoppdraget til institusjonane, og er basert på kvalitet i utdanning og forsking.

NSO meiner at dei faglege profila til institusjonane er det viktigaste å spegle i tittelen til institusjonen, og meiner at det tradisjonelle skiljet mellom universitet og høgskule er i ferd med å forsvinne. Det vert stadig utdanna fleire doktorgradsstipendiatar på høgskulane, og forskingsproduksjonen er aukande både i kvalitet og mengd. NSO meiner at institusjonstittel skal tildelast basert på rolla til institusjonen og faglege profil og at institusjonar bør ha fagspesifikke namn, slik som Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet. Profesjonsuniversitet skal vera alternativ tittel for institusjonar med profesjonsutdanningar som ansvarsområde og fagleg profil. Høgare utdanningsinstitusjonar skal, uavhengig av norsk tittel, kunne nytta seg av tittelen «university» i internasjonal samanheng.

Nasjonalt ansvar

Nasjonalt ansvar for fagområde kan tildelast institusjonar av Kunnskapsdepartementet for å styrkja fagmiljø som allereie er gode eller som eit verkemiddel for å verna fagområde og utdanningar som er skjøre, men som er essensielle for utvikling av kunnskapssamfunnet. I slike tilfelle skal tildeling av nasjonalt ansvar vera eit langsiktig grep for å byggja kompetanse innan skjøre fagområde som på sikt kan bidra til å byggja fagmiljø utover vertsinstitusjonen. Med nasjonalt ansvar skal det òg utdelast øyremerkte økonomiske middel, som gjer det mogleg for dei institusjonane som tek nasjonalt ansvar å oppretthalda visse fagmiljø. NSO meiner nasjonalt ansvar skal verta ein formell tittel for å sikra at utdanning, forsking og formidling innanfor dei enkelte fagområda vert spissa.

Dimensjonering av høgare utdanning

Mengda små og sårbare fagmiljø utgjer i dag ein trussel mot god utdanningskvalitet for mange studentar i norsk høgare utdanning. NSO meiner at det må vera ei kontinuerleg vurdering om det er føremålstenleg å ha same studietilbod mange stader på nasjonalt nivå. Det er eit mål å få samla sårbare fagmiljø og kompetanse ved nokre institusjonar slik at studentar og tilsette vert ein del av eit større akademisk fellesskap. NSO vil poengtera at dimensjoneringa av norsk høgare utdanning skal baserast på ei heilskapsvurdering, og ikkje berre konkrete framskrivingar av kompetansebehovet i framtida innanfor utdanningar.

Finansiering

Universitet og høgskular skal hovudsakleg finansierast av statlege midlar. Det er styret ved den enkelte utdanningsinstitusjonen som er ansvarleg for å forvalta midla på ein måte som stimulerer til høg kvalitet i alle ledd, og balansera dei totale ressursane institusjonane har, både økonomisk, administrativt og innanfor forsking, utdanning og formidling. NSO meiner institusjonane sine rapporteringskrav skal gjennomgåast. Private utdanningsinstitusjonar med institusjonsakkreditering skal sikrast ei meir likeverdig finansiering for å minimera den økonomiske byrden på den enkelte studenten.

Basisløyvinga

Basiskomponenten skal vera føreseieleg og stabilitet for økonomien til institusjonen, og langsiktige kvalitetsfremmande tiltak. NSO meiner basiskomponenten skal vera mellom 70 til 80 prosent av rammeløyvinga. Endringar i basisløyvingar til institusjonane frå eitt år til eitt anna skal aldri vera mindre enn auke i konsumprisindeksen.

Resultatkomponenten

Resultatkomponenten skal gje institusjonane auka handlingsrom utover minimumnivå av aktivitet. Utdanningsinsentiva skal løna fullførde gradar, studiepoengsproduksjon og studentutveksling. Resten av komponenten skal løna ekstern finansiering og vitskapleg publisering.

Utteljing i EUs forskingsprogram og ERC skal utløysa resultatfinansiering. NSO meiner publisering i opne kanalar skal lønast gjennom eit eige publiseringsnivå for Open Access-publisering. Alt grunnlag for resultatindikatorar på forsking må innehalda fagfellevurdering.

Kostnadskategoriar

Det skal vera ulike kostnadskategoriar for å ta omsyn til variasjon i kostnader mellom utdanningar. Kostnadskategoriane skal spegle dei naudsynte kostnadene innan eit fagområde, og dekke både undervising, oppfølging og rettleiing. Studieplassfinansiering skal berre nyttast innanfor den kostnadskategorien dei er tildelt i.

Infrastruktur og bygningsmasse

Institusjonar som er sjølvforvaltande har ansvaret for vedlikehald og oppdatering av eksisterande bygningsmasse, eigedom og infrastruktur. Institusjonar som ikkje er sjølvforvaltande skal sikrast eit ikkje-byråkratisk og effektivt system for investeringar, vedlikehald, tilpassing og drift av bygg gjennom Statsbygg. Ein institusjon som driftar eigen bygningsmasse på ein uforsvarlig måte kan fråtakast retten til sjølvforvalting, og ansvaret for dette vert overført til Statsbygg.

Statsbygg skal bidra til at studie- og arbeidsmiljø til kvar og ei tid er sikra gode rammevilkår, og skal gje institusjonane stor grad av autonomi i tilpassing og omstilling av bygningsmassen. Departementet har ansvar for at utdanningsinstitusjonane har gode og føreseielege rammar for investeringar og vedlikehald gjennom langsiktige planverk.

NSO meiner at institusjonane skal ha ein digital infrastruktur som legg godt til rette for bruk av digitale verktøy.

Leiing og kompetanse for utvikling

For at norske høgare utdanning skal kunna ha høgt nivå, og vera med i den internasjonale konkurransen både på forskings- og på utdanningssida, meiner NSO det eit spesielt viktig å sjå på korleis kompetanse vert utvikla ved institusjonane. Då tenkjer vi på kompetansen til dei tilsette, og på korleis leiing vert drive og vert utvikla for å leggja gode grunnlag i kvardagen for at tilsette og miljø skal kunna nå måla sine.

NSO opplever at leiing på institutt/avdelingsnivå får for lite merksemd ved norske universitet og høgskular. NSO meiner personalleiing på institutt/avdelingsnivå er svært viktig for å gje dei enkelte tilsette naudsynt oppfølging for kompetanseutvikling og for organisering av aktiviteten ved instituttet/avdelinga, og korleis tilsette arbeid saman. Det er difor naudsynt av institusjonane å satsa meir på kompetanseheving blant leiarar på desse nivåa. Det er spesielt viktig at det gjennom god leiing arbeidast fram fagmiljø kor vitskaplege tilsette som driv med utdanning og undervising arbeider saman i team. Dette er viktig for å blant anna skapa samanheng i utdanningsløpa og i fellesskap utvikla gode undervisningsformer og aktuelle studietilbod.

Stillingskategoriar

NSO meiner at det som eit resultat av at ein har eit eige karriereløp for undervisingsstillingar leggjast opp til ein prioritering av forsking i det mest nytta karriereløpet (amanuensis/professor). NSO meiner det er problematisk at ikkje alle vitskaplege stillingar inneheld både undervisings- og forskingsarbeid. Forsking og utdanning er sider ved universitet og høgskulane sine oppdrag som bør verta arbeidt med saman. Då er det òg naudsynt at tilsette må arbeida med begge delar. NSO ser òg ei utfordring med kulturen i UH-sektoren ved at undervisings- og utdanningsarbeid ikkje gjev like mykje status og prestisje som forskingsarbeid. NSO meiner difor at systemet med to ulike karriereløp må avviklast til fordel for eitt heilskapleg karriereløp, der alle vitskaplege stillingar skal vera både undervisings- og forskingsstillingar.

For å satsa like mykje på utdanning som forsking, er det naudsynt at det vert stilt dei same krava til utvikling av undervisingskompetanse, som forskingskompetanse, for å kunna få tilsetting eller opprykk frå ei vitskapleg stilling til ei anna.