Du er her: Student.no > Dokumenter > Likestillings-, inkluderings- og mangfaldspolitisk plattform

Likestillings-, inkluderings- og mangfaldspolitisk plattform

Vedteke på landsmøte 20.-22. april 2018.

Innleiing

Denne plattforma er Norsk studentorganisasjon (NSO) sin politikk om likestilling, inkludering og mangfald før, under og etter ein tek høgare utdanning. Føremålet er å sikre inkluderande rekruttering til høgare utdanning, eit breitt mangfald av studentar og definere korleis ein skal handsame utfordringar knytt til mangfald i akademia. NSO ønsker ei inkluderande rekruttering til høgare utdanning, eit breitt mangfald av studentar og vil i denne plattforma meine noko om korleis ein handsamar utfordringane knytt til mangfald i akademia. Dette skal gjerast for å dekke samfunnet sine behov, auke læringsutbyttet og sikre brei rekruttering og inkludering av alle grupper i samfunnet i høgare utdanning. NSO meiner at for å sikre dette må ein i nokre tilfelle prioritere nokre grupper framfor andre.

NSO krev at alle skal ha lik tilgang, og like moglegheiter til å fullføre høgare utdanning, og med mål om at alle skal få brukt kompetansen sin etter fullført utdanning. Det offentlige har i samarbeid med den enkelte institusjon for å sikre dette.

NSO definerer lik tilgang til høgare utdanning som at alle som er fagleg kvalifisert til det skal ha tilgang til norsk høgare utdanning. Eit mangfaldig akademia inkluderer alle menneske uavhengig av bakgrunnen, erfaringa og perspektiva deira. Ein kan styrke og bruke eit mangfald ved å skape rom for at alle kan delta og opplever å vere inkludert.

Høgare utdanning er eit middel for aktiv demokratisk deltaking, og befolkninga med høgare utdanning burde difor spegle befolkninga som heilskap. NSO meiner at både læringsmiljø og arbeidsmiljø blir betre av at heile mangfaldet i samfunnet er tilsvarande representert ved utdanningsinstitusjonane. Eit slikt mangfald i høgare utdanning vil bidra til auka respekt og forståing i samfunnet elles.

REKRUTTERING TIL HØGARE UTDANNING

Ein legg grunnlaget for mangfald i høgare utdanning gjennom rekruttering. NSO meiner eit viktig grep for eit likestilt ak­ademia er god og korrekt informasjon til potensielle studentar. Rekruttering til høgare utdanning startar allereie frå barnehage og grunnskule, og fortset opp til vidaregåande skule, og etter avslutta skulegang. Unge og elevar skal tidleg få erfaring med ulike typar aktivitetar og informasjon om framtidige utdannings- og karriereretningar for å kunne gjere eit opplyst val gjennom heile utdanningsløpet.

Rådgjeving og informasjon

NSO meiner at god rådgiving før studia er ein av nøklane til å arbeide mot sosioøkonomiske og kulturelle skilnader i tilgangen til høgare utdanning. Det skal bli satsa på rådgiving gjennom større tildelingar og kompetansekrav til rådgivarane. Både rådgivarane og lærarane i grunn- og vidaregåande skule skal ha kompetanse om korleis utdanningssystemet fungerer, og kva vegar studentane kan velje.

Like moglegheiter til å tileigne seg informasjon om høgare utdanning er ein viktig føresetnad for lik rett til utdanning. Høgare utdanning skal opplevast som tilgjengeleg for alle. For å nå dette målet er det viktig at rådgivartenesta blir styrka og at utvekslings- og kurssamarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar og skular blir utvida. Slike tiltak bør ha eit særskilt fokus på å sikre rekruttering frå underrepresenterte samfunnsgrupper. Det må derfor bli arbeidd for meir universell utforming av informasjon knytt til utdanningsmoglegheiter, tilrettelegging og anna viktig informasjon.

Det skal bli gitt informasjon og rådgiving om høgare utdanning som ein del av vaksenopplæringa.

Forventningsavklaring

Det er studiestadene sitt ansvar å formidle kva som krevjast i studiet, og kva kompetanse studentane får etter avslutta studium. Det må bli stilt krav til at marknadsføringa er tydeleg og gir eit realistisk bilete av innhald og dei forventningane som blir stilt. Utdanningsinstitusjonane må sikre at studentane har kjennskap til studie- og fagmiljø gjennom gode og universelt utforma nettstader, moglegheit for samtale med rådgjevar ved institusjonen og tilrettelagt studiekvardag, og gjennom å tilby institusjonsbesøk.

Verktøy for mangfald

NSO meiner at dei viktigaste verktøya for mangfald i høgare utdanning og samfunnslivet er å skape rollemodellar for fleire grupper innan alle utdanningsområde. Vidare må institusjonane ha lokale trivselstiltak som sikrar at studentane som kjem inn ikkje fell frå. NSO meiner at kvoteordningar og tilleggspoeng kan bli tatt i bruk for å sikre eit breitt mangfald i høgare utdanning. Kvart tilfelle skal greiast særskild ut, og ein skal hyppig evaluere kvar enkelt ordning. Dette arbeidet skal vere ein del av tilsynsordninga til NOKUT.

Kjønnsbalanse

Årsakene til at det på enkelte studium ikkje er balanse mellom kjønna er komplekse, og kan variere over tid og mellom ulike institusjonar, så vel som internt mellom ulike miljø på éin institusjon. NSO meiner at desse ulike føresetnadane krev ulike tiltak, og institusjonane skal nytte tiltak tilpassa problemstillinga. Alle tiltak for å betra kjønnsbalansen skal gjerast i organ der studentar er medverkande.

Institusjonar som heilt eller delvis finansierast av staten skal rapportere om sitt arbeid med kjønnsbalanse, kva utgreiingar som er gjort og kva tiltak som nyttast i den årlege rapporteringa til Kunnskapsdepartementet. Der utgreiingane viser årsaker til kjønnsubalanse som ligg utanfor institusjonane, har departementet ansvar for utarbeide tiltak og følgje dei opp.

I høgare utdanning

For å sikra at studentar trivst og får fullt utbytte av høgare utdanning, og for å hindra fråfall, er det viktig at det blir arbeid systematisk med likestillingstiltak knytt opp mot høgare utdanning.

Inkluderande læringsmiljø

Det er institusjonane sitt ansvar å sikre eit godt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø. Dette oppnår ein gjennom gode fysiske fasilitetar, tilrettelagt informasjon, inkluderande mottaks- og mentorordningar, og gjennom tilskot til studiemiljø og studentkultur. NSO meiner at alle studentar har krav på tilrettelegging ut frå eigen føresetnad. Samstundes er det òg viktig at institusjonane er bevisst på kva studentane ikkje skal vere nøydd å aktivt be om. Det skal vere sjølvsagt at bygg er universelt utforma og at ein ikkje opplever diskriminering. Dette krev at institusjonane driv eit aktivt, oppdatert og kunnskapsbasert mangfaldsarbeid.

Institusjonen har ansvar for at studenten enkelt kan finne informasjon om korleis ein ber om tilrettelegging om ein har behov for det. Varige behov skal det ikkje vere naudsynt å dokumentere meir enn ein gong. Det skal vere eit godt samarbeid mellom institusjonen, kommunane, NAV og andre relevante aktørar. Studentar skal ha krav om same tilrettelegging sjølv om dei studerer i ei anna kommune, eller eit anna land enn der dei er folkeregistrert. Studentane skal ikkje oppleve det som ei belastning å gi beskjed om sine behov. Institusjonen skal kunne leggje til rette for fleire ulike behov.

Alle institusjonar skal ha eit avvikssystem for trakassering, diskriminering, mobbing og uønskt seksuell merksemd som ein kan nytte seg av for å varsle om kritikkverdige saker. Avvikssystemet skal vere todelt og vere spesielt tilpassa både studentar og tilsette, då desse er i særs ulike situasjonar. Oppfølging av innrapporterte avvik skal behandlast av ein nøytral tredjepart (ombodsperson), og den som melder inn avvik skal kontinuerleg få tilbakemelding på status i saka. Avviksmeldingane skal vere unnatekne offentlegheita.

Alle institusjonar skal ha ein handlingsplan med tiltak for å forebygge trakassering, diskriminering, mobbing og uønskt seksuell merksemd. Vidare skal dei fordele oppgåver og ansvar i ivaretakinga av personer utsette for dette, og i oppfølginga av desse sakane.

Alle tilsette skal handsame alle studentar med respekt. Tilsette skal ha mangfaldskompetanse. Dette inneber kunnskap om kva tiltak ein kan gjere for å leggje til rette og kome studenten i møte.

Høgare utdanning skal leggje til rette for ein brei samfunnsdebatt. Dette inneber også å akseptere at menneske kan ha synspunkt som kan opplevast kontroversielle og støytande for enkeltpersonar eller for grupper. Så lenge ein følger dei lovar og reglar som eksisterer skal det vere rom for alle typar ytringar ved høgare utdanningsinstitusjonar.

Rettleiing og tilrettelegging

Det er institusjonen sitt ansvar å sikre tilgjenge og god tilrettelegging for studentane. Institusjonane skal gjere dette i samarbeid med studentsamskipnadane, kommunane og NAV. Studentar som ynskjer rettleiing må raskt få dette. Studentar som har behov for tilrettelegging på studiestaden skal få desse registrert i Ceres, som skal gjere denne informasjonen tilgjengeleg for institusjonane. For studentar med varig nedsett funksjonsevne (til dømes kronisk sjukdom) skal det ikkje vere naudsynt å dokumentere dette meir enn éin gong med legeattest eller tilsvarande.

Dei som jobbar med rettleiing og tilrettelegging på institusjonane, skal ha eit tett samarbeid og sikra at studentar med behov for rettleiing eller tilrettelegging får dette. Desse tilsette må ha høg kompetanse for å sikra at studentar får den hjelpa dei har krav på.

NSO meiner at institusjonane har eit særskilt ansvar for å identifisere og støtte studentar som har samansette behov for tilrettelegging eller oppfølging.

Studentdriven velferd og sosiale tiltak

NSO meiner det må leggjast til rette for eit religiøst og kulturelt mangfald ved norske høgare utdanningsinstitusjonar. Studentdriven aktivitet ved institusjonane skal også vere inkluderande for alle og ta høgde for at studentmassen er mangfaldig. Dette inkluderer også studentsamskipnaden sine tilbod. Dette inneber både korleis tilbodet er utforma og kva tilbod som finst. Studentsamskipnaden og det øvste studentdemokratiet har eit særleg ansvar for dette.

Mobilitet

Staten og institusjonane må sikra studentar og tilsette sin moglegheit til mobilitet. Dette gjeld både i Noreg og utlandet. Alle studentar må kunna delta på studieopphald på andre institusjonar uavhengig av deira tilretteleggingsbehov.

ARBEIDSLIVET ETTER HØGARE UTDANNING

For å dekke samfunnet sine behov for arbeidskraft er det viktig med eit heilskapleg syn på mangfald i høgare utdanning.

For å gjere ei karriere i akademia tryggare og meir føreseieleg meiner NSO at bruken av mellombelse tilsettingar må reduserast og bruken av faste tilsettingar aukast. Det er viktig med mangfald blant dei vitskapleg tilsette på institusjonane. NSO meiner breidde i tilsettingar skal sikre dette.

Tilsettingsprosessar må vere opne og ryddige. Kva som vert lagt vekt på i tilsettings- og opprykksprosessar er ikkje likegyldig i eit mangfaldsperspektiv. NSO meiner tilsettingar ved høgare utdanningsinstitusjonar skal leggje mest vekt på fagleg og pedagogisk kompetanse og utviklingspotensiale, og i mindre grad leggje vekt på publiseringspoeng.

For å sikre mangfald i samfunnet og rekruttering til yrke der det er store homogene miljø, må ein sjå på konkrete tiltak for å motverke dette. Det er essensielt at arbeid som krev kompetanse på same nivå skal lønast likt. Staten må bruke lønspolitikken for å heve statusen til yrke der ein får dårleg utteljing for utdanninga si.

NSO meiner utdanningsinstitusjonane skal arbeide for mangfald i leiinga ved institusjonen, samt leggje vekt på mangfaldskompetanse som ein viktig kvalifikasjon i rekruttering av leiarar i akademia.